På Rydland har eit par bilcrossførarar brukt dei siste helgane til å laga ei ny VW-boble av to gamle, havarerte bobler.

Prosjektleiar er bobleentusiast og bilcrossførar Oliver Andé Matre. Han er busett på Halsnøy, men er mykje på Rydland, der han steller med boblene sine og førebur seg til nye løp. I år har han fått med seg ein kamerat frå Kvinnherad, uskedølen Martin Fausk. Men ein ny mann må og ha ny bil, og boble bør det vera, etter det me forstår på Oliver.

Han øydela den beste løpsbobla si under det siste bilcrossløp i Vikedal i 2012. Fronten blei slegen skeiv, og let seg ikkje retta opp igjen skikkeleg. Dermed var den vel 45 år gamle bobla moden for skraphaugen, skulle ein tru. Men ikkje for Oliver! Bakparten var nemleg heilt i orden; han mangla berre ein god front. Den gode fronten fann Oliver for nokre veker sidan, på Osterøy. Der stod ei nesten like gammal boble med ein øydelagt bakende.

For eit par veker sidan kutta dei begge boblene tvers av på midten, rett framom framsetet. Så sette dei saman dei to «friske» delane til ei flunkande ny boble. Dette er eit særs krevjande arbeid som krev stor presisjon. Men det ser ut til at dei har lykkast bra. Oliver er ekspert på WV-bobler sjølv, men hadde god profesjonell hjelp av Terje Heggøy.

For å festa dei to delane i rett posisjon i forhold til kvarandre brukte dei jekkar og tenger. Det er sjølvsagt heilt nødvendig at det blir beint. Avstanden mellom bakhjul og framhjul må vera lik på begge sider, elles vil ikkje bilen bli god å styra. Derfor festa dei ein bukk på kvart nav. Dermed kunne dei kontrollera at alt var 100 % beint då dei sveiste saman dei to delane.

Dette veit karane som har gjort jobben, og for ein amatør ser det heilt profesjonelt ut når me sjekkar sveisen i golvet under framseta. Dermed får Oliver ein ny skarp konkurrent på banen i år. Martin Fausk frå Uskedalen var med som mekanikar og hjelpemann for Oliver i fjor.

No ser kompisane fram til å tevla side om side i årets sesong, som startar i Vikedal 5.-6. april. Vonleg går den nye VW-bobla som ho skal.