Under ein trafikkontroll som Statens vegvesen stod for ved bensinstasjonen i Fitjar i dag, vart to bilar avskilta.

 – Den eine bilen vart avskilta på grunn av manglande EU-kontroll. Den andre på grunn av tekniske manglar, opplyser kontrollansvarleg, Alf Urang, til fitjarposten.no.

I tillegg til dette vart det utskrive to gebyr for manglande bilbelte, og ein førar fekk munnleg åtvaring for dårleg sikring av barn.

I alt vart 159 bilar vart kontrollerte.