Den etterkvart årlege MX.cup`en i fotball i Fitjar kultur- og Idrettsbygg, samla i år 43 lag, med mellom 300 og 400 deltakarar.

Kampane starta fredag ettermiddag og varte to døger til enda, med nattlege pausar. Sjølv om ingen fitjarlag gjekk heilt til topps denne gongen, kunne me gle oss over to andreplassar. Den eine gjekk tio Håkelklubben som stilte i bedriftklassen, og som hadde med seg spelarar som Victor Aga, Rune Brakedal, Magne Vestbøstad og Hrafn Thorsteinsson i tillegg til nokre spelarar utanbygds. Det andre laget som nådde finalen var Rødhette, eit reint Fitjarlag med desse spelarane; Lillian Vestbøstad, Gunn Evy Henriksen Sørfonn, Therese Nysæther, Stina Gloppen, Monica Wickmann og Gro Hatlevik.

Diverre kom ein ikkje denne gongen i frå det utan skader. To av dei var og svært trasige. Hos Magne Siglen rauk akilles`en, og Ottar Torvund fekk både spolebeinet og leggbeinet brotne tvert av. Etter tilhøva går det likevel bra med han. Han har allereie kome seg opp på krykker, med gipsa fot frå ankelen og opp på låret, og er ved gått mot.

Bortsett for desse to triste hendingane, vart arrangementet svært vellukka. Då Ørjan song i Idol på fredag, vart det pause i kampane, og det heile vart vist på storskjerm. Då han så vann, tok stemninga mest av i hallen.