To personar prøvde å stele hjula frå ein parkert bil ved i Sandvikvåg i natt. Då dei vart tekne av politiet hadde dei òg narkotika på seg.

Politiet mottok kl. 01:50 melding om saka frå eit vitne som observerte to personar då dei var i ferd med å skru av hjula på ein bil på Sandvikvåg. Då dei såg at dei vart observert, stakk dei av i ein bil.

-Politiet pågrep noko seinare dei to, som ved pågripinga òg hadde noko formentleg amfetamin på seg.  Begge er innsett i varetektsarrest, opplyser operasjonsleiar Torger Stødle ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.