Nokon fjerna i kveld eit brannsløkkjingapparat i Bømlofjordtunnelen. Det førte til at bommane gjekk ned, og ein bil krasja i bommen og deretter i autovernet, melder politiet.

1.betjent Tuner ved Haugaland- og Sunnhordland politidistrikt fortel til fitjarposten.no at 30-40 meter av autovernet vart øydelagt, og at det i bilen som krasja sat to vaksne og tre born.

Alle vart køyrde til Fylkessjukehuset på Stord for sjekk, men det skal stå bra til med dei alle.

Tunnellen er open igjen no, men kvifor nokon fjerna brannssløkkjingsapparatet, kunne ikkje politiet svare på. Brann har det i alle fall ikkje vore i tunnelen.