Hytteeigarar i Hellandsfjorden har i det siste vore utsett for tjuveri.

– Ikkje dei heilt store tinga, og det er ikkje snakk om innbrot. Det er ting me har ståande ute som er forsvunne, seier ein av hytteeigarane til fitjarposten.no på vegner av fleire. – Irriterande nok likevel.

Saka er enno ikkje meldt til politiet, men tjuvane skal ikkje føle seg for trygge.