Så har det altså skjedd. Tjuvar har skrudd av hjula på ein bil på Sandvikvåg, og stukke av med dei.

Det var kl. 23.50 at politiet fekk melding om at fire hjul var skrudd av ein personbil som hadde stått parkert ved fergekaien på Sandvikvåg. Tjuveriet hadde skjedd i tidsrommet 16.00 – 23.30.

-Gjerningsmannen/menna hadde plassert bilen på fire steinar. Saka vert etterforska ved Stord lensmannskontor, melder operasjonsleiar i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt, Svein Sørensen.