Tjelden går inn for landing i Havn. Foto: Kjetil Rydland.

Eit nytt prov på ein tidleg vår fekk me i dag, då me såg tjelden gå inn for landing i båthamna i Havn.

For alt me veit, kan han ha vore der nokre dagar allereie. Og me ha fått meldingar om at han har vist seg fleire andre stader i distriktet dei siste dagane.

I fjor la me ikkje merke til denne elegante fuglen før ute i april, men midten av mars er nok meir «normalt». For ein del år sidan fekk me til dømes melding om tjeld 10. mars.

Det er i alle høve kjekt å kunna konstatera at tjelden har gått inn for landing på den nærmaste og beste plassen i nærleiken av Fitjar sentrum, nemleg i Havn.

Tjelden blei kåra til årets fugl 2018, og du kan lesa meir om fuglen på heimesidene til Norsk Ornitologisk Forening.

Her kan du òg lesa om storspoven, som er blitt kåra til årets fugl 2019.

Tjelden er ein særs fin fugl. Foto: Kjetil Rydland.