På dagen eit år etter at me såg den første tjelden i Havn i fjor, sat eit par tjeldar akkurat på same plassen i dag, og i dei hadde endå til fått selskap av eit storspovepar.
I desse unormale koronatidene er det kjekt å sjå at naturen elles går sin gang. Fjorårets landing i Havn er vel nokså normal, eller litt tidleg. Men så var det mild vinter i fjor, som i år.
På skjeret i Havn, like ved sida av dei to tjeldane, sat eit storspovepar. Spove er også ein trekkfugl som plar koma i tilbake i mars/april.
Tjelden var «årets fugl» i 2018 og storspoven i 2019. Dermed er dei siste to års fuglar på plass side om side i Havn i dag.
Det er alltid kjekt å kunna ta imot desse fuglane med dei karakteristiske sommarlydane. Sjølvsagt er ikkje dette noka stor sak, men fugletitting kan vera ein god adspredelse i desse alvorstunge tider.
Om brakkesjuka eller uroa tar deg, foreslår me ein tur ut for å sjå på fuglane. Det er ikkje greitt å vera fugl heller, men fugletitting er veldig god avkopling! God tur!
