Framsidefoto: Murane som står att etter Tislavollssago ved Dåfjorden. Foto: Kjetil Rydland.

Nede ved Dåfjorden, rett overfor Rydlandssago, står nokre gamle steinmurar frå 1700-talet, godt gøymde i skogen.

Dette er restane etter Tislavollssago, som blei bygd på 1700-talet, og var i drift til rundt 1880. Det finst få skriftlege kjelder som fortel om sagdrifta til tislavollsmannen, men gode munnlege kjelder frå Tislavoll gjer at opplysningane likevel er relativt sikre.

Arne Tislavoll fortel at saga blei bygd av Nils Larsen Rydland, som overtok halve Tislavoll i 1737 og gifte seg med Ranveig Rasmusdotter Hovstad. Etter som Nils Larsen kom frå Rydland, var han van med sagbruk; det er godt dokumentert at rydlandsmannen dreiv sagbruk ved Dåfjorden frå tidleg på 1600-talet. Då Nils Larsen kom til Tislavoll, fekk han naboen med seg på å byggja ei oppgangssag ved fjorden. Det var berre to gardar på Tislavoll den gongen.

Om du vil sjå dei gamle murane på nært hald, kan du følgja bekkefaret ned til sjøen; det tar berre eit kvarters tid. Saga blei mura opp ved sjøen, rett overfor Rydlandssago og Tinnsholmen, som går ut i Dåfjorden. Dette var nok den einaste plassen som eigna seg til sagbruk på tislavollsmannen sin eigedom. Her rann nemleg ein relativt stor bekk ned frå Longavatnet. Dette vatnet ligg i skogen like sør for vegen til Svartasmoget. Og dersom du går skogsvegen sørover mot Dåfjorden, går du forbi Longavatnet.

Bekken frå Longavatnet er mykje mindre enn Tinnselvo, som dreiv Rydlandssago. Men tislavollsmannen demde opp Longavatnet, slik at dei fekk eit ganske stort vassreservoar. Såleis hadde dei nok vatn til å driva oppgangssaga nede ved sjøen. Lukene kalla dei staden, fortel Arne Tislavoll, det var to luker i kistemuren. Den største muren ved enden av Longavatnet er ganske imponerande, 6-8 meter lang og rundt halvannan meter høg. Dette er ein 60 cm brei kistemur som er jamn på begge sider, og innvendig var det truleg rom til å stappa ned jord, leire og torv som tettemasse.

Det er vel dokumentert fleire stader at det gjekk for seg livleg sal av tømmer til skottane på 1700-talet. Derfor er det all grunn til å tru at det også blei eksportert tømmer frå Tislavolls-sida av Dåfjorden. Eit anna teikn på dette er at Nils Larsen var ein velståande mann på sine eldre dagar. Einkvan staden må velstanden ha kome frå, og det er heilt naturleg å tru at den kom frå skogsdrifta.

Det blir fortalt om kona til Nils Larsen, Ranveig Rasmusdotter, at ein gong sala ho på hesten og køyrde tømmeret til saga nede ved Dåfjorden. Dette blei fortalt med stor respekt. Tømmerkøyring var ikkje kvinnfolkarbeid den gongen, men ho måtte trø til fordi mannen hennar var sjuk. Om du tar turen og ser på terrenget ovanfor Tislavollssago, blir du ikkje mindre imponert.

Munnlege kjelder viser heilt klart at Tislavollssago blei driven langt utover på 1800-talet. Dei to tantene til Ole Tislevoll, som åtte garden Arne Tislavoll bur på i dag, fortalte at dei gjekk med niste til folk på saga. Dei to heitte Kathrine og Elisabeth Tislevoll, og var barn på 1870-talet.

– Tippoldefar min hadde i si tid seks mann i arbeid på skogen, fortel Arne Tislavoll. Men etter kvart tynnast skogen ut. Saga blei seld til tysnesingar rundt 1880. Då hadde dei hausta alt som var av skikkeleg skog, og sagdrifta svarte seg ikkje lenger.

Muren som demde opp Longavatnet. Midt i biletet ligg Svartasmoget.