– Påmeldingane til årets TINE Fotballskule strøymer på, men det er framleis ledige plassar.

Det er Sonja Fitjar Waage i arrangementskomiteen for fotballskulen som seier dette til Fitjarposten. Ho fortel at det er mellom 50 og 60 som har meldt seg på så langt, og at dei maksimalt kan ta imot 100 deltakarar.

Erfaringsmessig er det over 100 som ønskjer å vera med når det verkeleg drar seg til. Ho minner derfor om at det kan vera lurt å melda seg på så snart som råd, for å vera sikker på å få plass. Planlegginga går etter planen, og men i år blir TINE Fotballskule på kunstgraset, etter som grasbanen ikkje blir klar til bruk på fleire månader enno.