Også i år har Fitjar Idrettslag arrangert fotballskule for 1.-5. klasse, med stor suksess.

Tradisjonen tru har ungar frå 1. til 5. klasse innleidd sommarferien med TINE fotballskule. Også i år var deltakinga svært bra, med 80 unge og håpefulle i aktivitet på den flotte grasmatta. Så langt var alt normalt, men «mot normalt» blei fotballskulen i år velsigna med godt og tenleg vêr. Både regn og torevêr heldt seg langt unna, og med unnatak av ein litt kjølig vind, var forholda heilt ideelle.

Arrangementsansvarleg for fotballskulen, Anne Helene Vestbøstad, fortel om tre trivelege dagar på grasmatta. Ho fortel at dei unge  instruktørane, frå 14 år og oppover, som vanleg gjorde ein god jobb for fotballskulen. På måndag føremiddag fekk Anne Helene god hjelp med registrering av deltakarar frå Ingvild Brekke Myhre og Evy Skogedal. Og alle tre dagane har to vaksne menn vore aktive på graset, nemleg Arild Træet og Martin Nysæther. Dei har vore med og hjelpt dei unge instruktørane, slik at det sportslege opplegget har vore i dei aller beste hender, fortel Anne Helene til Fitjarposten.

I pausen har deltakarane, tradisjonen tru, fått servert oppskoren frukt og eit TINE-produkt; i år var det lettmjølk med mild kakaosmak. Arrangementskomiteen har og laga lappekaker til dei unge; det blei ein suksess med ekstra energipåfyll. Med seg heim fekk deltakarane også T-skjorte og treningsbag frå TINE, i tillegg til ein fotball, som fotballgruppa kjøpte inn til kvar og ein.

Så vidt Fitjarposten kunne sjå, var det ingen ting å seia på stemninga. Og det blir ikkje rapportert om skader eller andre alvorlege uhell av noko slag. Spesielt i går var det heilt topp i det fine sommarveret, fortel Anne Helene. Då blei det arrangert turnering mellom lag frå den norske Tippeligaen, og velkjende engelske og spanske lag. Ei skikkeleg prestisjefylt og engasjerande avslutning, både for deltakarane og dei flinke, unge instruktørane!