Fotballgruppa i Fitjar Idrettlag er knapt ferdig med den store miniturneringa i helga før dei går laus på eit nytt stort arrangement, TINE Fotballskole. Den startar måndag 23. juni og går over tre dagar. I år er det 7. gong Fitjar Idrettslag er med på TINE Fotballskole; første gongen var i 2002. Årets fotballskule opnar måndag 23. juni, og varer i dagar. Det er plass til over 100 deltakarar, som blir delte inn i 8 grupper; kvar av desse har 2 instruktørar. Fotballskulen er open for barn i alderen 7-12 år, dvs. årsklassane 2001-1996. Opplegget følgjer fotballforbundet sine retningsliner, der hovudvekta er lagt på leik med ball.

Som namnet tilseier, er skulen eit samarbeid mellom Tine og fotballforbundet. Tine sponsar skulen med eit TINE-produkt kvar dag, ei T-skjorte og diplom. I tillegg deler fotballgruppa ut ein fotball til kvar deltakar.

Fotballgruppa minner om påmeldingsfristen 16. juni. Andre opplysningar, om pris etc., finn du i annonsen nedanfor på fitjarposten.no eller her: www.tinefotballskole.no