Fotballgruppa i Fitjar IL har også i år skipa til TINE fotballskole, under varierande vêrtilhøve.

Årets fotballskule fekk ein tung start, då eit kraftig torevêr råka Fitjar Idrettspark måndag morgon. Dei 97 deltakarane og alle leiarane måtte søkja ly i garderobane medan uvêret stod på som verst, fortel arrangementsansvarleg for fotballskulen, Geir Tore Søreide. Etter rundt ein time var det uteverande igjen, og resten av dagen gjekk som smurt.

Geir Tore fortel at dei unge instruktørane, frå 14 år og oppover, som vanleg gjorde ein god jobb for fotballskulen. På måndag føremiddag fekk han god hjelp med registrering av deltakarar frå Ingvild Brekke Myhre, Anne Helene Vestbøstad og Evy Skogedal. Og alle tre dagane har tre vaksne mann vore aktive på graset, nemleg Arild Træet, Roger Almås og Martin Nysæther. Dei har vore med og hjelpt dei unge instruktørane, slik at det sportslege opplegget har vore i dei aller beste hender, fortel Geir Tore.

Så vidt Fitjarposten kunne sjå, var det ingen ting å seia på stemninga. Etter kvart blei det stort sett godt fotballvêr, og det blir ikkje rapportert om skader eller andre alvorlege uhell av noko slag.