Takka vere fotballgruppa i Fitjar Idrettslag har mange ungar – og foreldre – i Fitjar fått ein ”mjuk start” på skuleferien. I samarbeid med TINE arrangerte fotballgruppa i år fotballskule for 7. gong.

Dermed visste over 100 ungar kva dei skulle ta seg til dei første dagane av ferien. I tre dagar har 102 ungar i alderen 7 til 12 år vore opptekne med fotball under kyndig leiing av ungdommar i alderen 14-16 år. Å halda styr på store flokkar med villstyringar i 7-8-årsaldern kan vera ei stor utfordring for nokon kvar. Men dei unge instruktørane viste seg å meistra oppgåva. Det var ein hugnad å sjå kor godt lag dei hadde med dei små. Ikkje hadde dei nemneverdige problem med disiplinen, og det var ofte rørande å sjå omsorga dei viste for dei minste. Øvingane fann dei unge instruktørar for ein stor del på sjølve. Men alle er alle aktive fotballspelarar, så dei har eit visst øvingsrepertoar inne. Og i bakhand hadde dei heile tida Roy Inge Stegane. Han følgde med heile arrangementet frå første til siste spark på ballen, og gav rettleiing der det var behov for det. Han er full av lovord over instruktørane sine; me såg sjølve at det var vel fortent.

Sportsleg ansvarleg har vore Roy Inge Stegane. Elles har fotballeiar Sonja Fitjar Waage, Ann-Kristin Larsen og fleire foreldre vore med og sørgd for at dei unge fotballspelarane har fått drikke og frukt kvar dag. Drikka var betalt av TINE og frukta delvis sponsa av Bama. I tillegg fekk deltakarane utdelt fotball, T-skjorter og diplom. Dei to første dagane blei avvikla på ”kunstet” for å spara graset etter ein del regn i det siste. Men under sjølve skulen var veret bra, sjølv om både måndag og tysdag starta med litt regn. Onsdag blei endeleg grasmatta teken i bruk, men med ny kunstgrasbane tilgjengeleg er det ikkje lenger så ”akutt” å sleppa til på naturgraset. I går onsdag blei fotballskulen avslutta med ei turnering mellom dei ulike gruppene, som hadde fått namn etter meir kjente klubbar som Sogndal og Start. Og til slutt blei det utdelt diplom for deltakinga.

Fotballgruppa seier seg svært fornøgd med avviklinga. Einaste skåret i gleda er at det ikkje var plass til alle som ville vera med. Kanskje vil ein ved seinare høve ta mål av seg å få plass til alle som ønskjer det.