Den kjende skodespelaren Svein Tindberg bergtok publikum i Fitjar kyrkje med framsyninga «Som skrevet står». Foto: Kjetil Rydland, FP.

Skodespelaren blei presentert som ein stor kunstnar før han fekk ordet framfor eit stort publikum i Fitjar kyrkje i går. Og etter halvannan time med ei unik formidling av kjente tekstar var møtelyden fylt av takk. Over ein som kunne gi nytt liv til tekstane – utan «pastorisering», slik Svein Tindberg gjer betre enn nokon andre.

Han gav møtelyden ei uhøgtideleg stund der han fortalte korleis han hadde blitt interessert i dei bibelske tekstane. Det var på ingen måte sjølvsagt at han skulle bli ein tolkar av slike tekstar, han voks opp utan noko aktivt forhold til kristendommen. Bortsett frå julegudstenester og kveldsbøn på senga.

Det heile begynte då han skulle førebu seg til rolla si i «Ordet» av Kaj Munch på Det Norske Teatret. Her skulle han spela den unge presten Johannes, som sleit med tvil og tru. Han følte at han ikkje hadde føresetnad for å skjøna kva dette handla om, og tok kontakt med den lokale presten på Nordstrand, Per Anders Nordengen. Presten foreslo fleire kjente teologar for Tindberg, som svarte: – Eg vil snakka med ein vanleg prest, ikkje ein som helst ville blitt skodespelar!

Dette blei innleiinga på eit samarbeid og ein venskap med den lokale presten. Dei gjekk gjennom Johannesevangeliet, og etter at prosjektet var ferdig, heldt Tindberg fram med å lesa Bibelen. Saman med teatersjef Kjetil Bang-Hansen brukte han all si fritid på å lesa gjennom Markusevangeliet. Dei ville at teksten skulle koma fram utan hjelpemiddel. Det handla om å vera modig i all sin enkelhet, og la teksten tala for seg sjølv. At suksessen skulle bli så enorm hadde ingen av dei sett for seg.

Så stor var suksessen at den gav gjenlyd utanfor Norges grenser. Dei ringte til og med frå Dramaten, det kjente teateret i Stockholm, og ville få tilsendt manuset! Dei ville ikkje heilt tru at det var teksten frå Markusevangeliet, utan «bearbetning» han hadde lagt fram: – Skoja inte med meg! let det i telefonen. Men det var altså Markusevangeliet nøyaktig slik det stod, utan bearbeiding, som hadde gitt slik suksess.

På sin humoristiske måte gjekk Tindberg i rette med kyrkja, der det gjerne blir lese ein kort tekst, og så blir det brukt mykje tid på forklaring. I staden ville han gå den motsette vegen, og våga å la teksten tala for seg sjølv. «Avdøde tyske teologar» som har skirve mange slike forklaringar, fekk gjennomgå. – Målet er barnets naivitet, framheva Tindberg, som poengterte at sjølve bilbelteksten er endå betre enn forklaringa!

Av og til gjekk Tindberg over til nynorsk og rett inn i dei kjende framsyningane sine. Brått var me på Tempelplassen i Jerusalem. Her har han vore på «smørjetur» med Ole Kristian Kvarme og Det Norske Bilbelselskap. Det var som om me alle brått var midt i Jerusalem, og skjøna korleis Abraham hadde blitt stamfar til både jødar, kristne og muslimar.

Høgdepunktet under kveldens framsyning var kanskje utdraget frå «Markusevangeliet», der han gir liv til den kjende teksten på ein måte som ingen andre. Eller avslutninga «O bli hos meg», lesen heilt utan forstyrrande effektar. Bevis på at tekstane står godt åleine, om ein vågar å stola på dei.

Svein Randor Tindberg
• Fødd 1953 i Oslo, bur på Nordstrand
• Skodspelar ved Det Norske Teatret i ei årrekkje
• Utdanna ved Statens Teaterhøgskole 1974–76
• Tindberg hatt mange større roller ved teateret, men er mest kjend for forteljarteaterframsyninga Markusevangelietsom, som blei sett av 75 000 nordmenn i 1995 og 96
• Seinare har han hatt suksess med oppfølgjarane «Apostlenes gjerninger» og «Abrahams barn».
• Skodespelar og regissør i Mostraspelet.
• Utmerkingar: Kritikerprisen, Telenors kulturpris, Grenseløs kommunikasjon, Bibelprisen, Brobyggerprisen, Petter Dass-prisen