I det fine aprilvêret langfredag var det mange som hadde teke turen til Tindaslottet. Folk kom frå både Raunholm, Vistviki og frå Fitjarsida.

Fjellet viste seg frå si beste side denne dagen. Sol frå mest skyfri himmel saman med reine sommartemperaturen gjorde dagen til ein draum. Folk var i godlag og drøsen gjekk lett på «del plaza» utanfor hytta. Både medbrakt niste, appelsiner, kvikk lunsj og pølser smaka godt. Ut på ettermiddagen hadde om lag 50 personar skrive seg inn i hytteboka. Dersom vêret held seg, vert det nok storutfart  1. påskedag også. Det er godt merka sti opp frå Vistviki. Det er berre å ta turen. Utsikta frå nordpynten av Tindane er utruleg flott.

Du kan klikka på bileta for å sjå dei i større format.