Vegdirektøren signaliserer at alkolås er på lista over konkrete tiltak i den nye planen for trafikksikring.

 Vegdirektør Terje Moe Gustavsen  nemner alkolås som eit av dei viktigaste tiltak i Nasjonal tiltaksplan for trafikksikring på veg 2014-2017. Han har uttalt til TV2-nyhetene at det vil bli vurdert utvida krav til bruk av alkolås, men at det er for tidleg å sei noko om framdrifta. 

«MA – rusfri trafikk og livsstil» er positive til vegsdirektøren sitt utspel og ynskjer at alle bilar etter kvart skal vera utstyrt med det effektive utstyret mot alkoholpåverka køyring, og direktør Terje Tørring uttaler at
– Årets tragiske utvikling med et antall trafikkdepte som har steget med en tredjedel fra i fjor viser at vi må ta alle midler i bruk for å holde ulykkestallene nede.

Då stortinget handsame den nye Nasjonal transportplan 2014-2013 i sommar, vart det vedteke at det skal jobbast for eit nasjonalt påbud om alkolås i alle skulebussar.