No kan du søkja tilskot til verna kulturminne, men du må søkja gjennom kommunen.

Hordaland fylkeskommune gjev støtte til kulturminne som er prioriterte i kommunale kulturminneplanar. På heimesida til Fitjar kommune ser me at søknadsfristen for tilskot for 2019 er 15. november.

Søknadene skal gå gjennom kommunen, seier kultursjef Bente Bjelland. Tilskot skal i første rekkje nyttast til konkrete vernetiltak på bygningar og anlegg. Det kan også nyttast til andre tiltak i handlingsplan til kulturminneplanen, som kurs og formidling.

Gjennom denne ordninga blir det ikkje gitt støtte til tiltak på kulturminne i statleg, fylkeskommunalt eller kommunalt eige, tiltak på freda kulturminne eller ordinært vedlikehald og drift.

Kultursjefen minner om at Fitjar kommune i 2018 fekk heile 277 000 kr frå Hordaland fylkeskommune til slike tiltak. Berre ein kommune i fylket fekk meir enn Fitjar.

Ei viktig årsak til dette er, ifølgje kultursjefen, at Fitjar har ein svært god og detaljert kulturminneplan. Her er alle kulturminna våre registrerte og karakterfesta frå A til C, noko som gjer det enkelt å ta stilling til søknader om støtte.

Kultursjefen minner om at det kostar pengar å halda kulturminne ved like, og ho gler seg over at folk får høve til å ta vare på dei private kulturminna sine. I fjor var Rydlandssago, Færøysund og Engesund på lista over kulturminne som fekk støtte.

Det skal nyttast eige søknadsskjema. Søknaden skal sendast til Fitjar kommune, postboks 83, 5418 FITJAR, innan 15. november. Ta gjerne kontakt om det er noko du lurer på! seier Bente Bjelland til slutt.

På heimesida til Fitjar kommune finn du og link med Retningsliner for tilskot til verna kulturminne i Hordaland.