Tilhengjaren på ein bil på veg til Fitjar losna på eit eller anna vis og kom over i feil køyrebane. Det førte til at ein bil på veg nordover braste i og oppå hengjaren før både bil og hengjar enda i autovernet.

Det er innsatsleiar Kristoffer Igeltjøn ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt som forklarer oss dette på åstaden, mellom Langavatnet og Rydlandssaga. Ei ung kvinne som var passasjer i bilen som kolliderte med hengjaren klaga over smerter i brystet og vart sendt til Stord sjukehus for sjekk. 

Politi, redningsbil og sjukebil kom raskt til åstaden.