Biltilhengjaren som vart fjerna frå Havnahagen 21 er no komen til rette.

-Biltilhengjaren som var meldt stolen nyleg, er komen til rette. Det synte seg at etter at han var blitt fjerna i løpet av natta, var han blitt plassert utanfor eit anna hus i same området.

Huseigaren oppdaga tilhengjaren, såg meldinga i Fitjarposten, og la to og to saman. Han ringde så det oppgjevne telefonnummeret, og melde frå. Og takk for det !

Men uansett: Ein svært dårleg «spøk» som skaffa tilhengjar-eigaren problem og uro!

Kanskje «fjernaren» melder seg og ber om orsaking…?, skriv eigaren.