Som perler på ei snor gjekk skuleborna langs fylkesvegen.

Elevane i første og andre klasse var på veg attende til skulen då me kom køyrande i føremiddag. Ein lagleg plass å parkere i nærleiken gjorde det mogleg å stoppe litt. Lærar Solveig Jæger fortalde om ein fin tur til Hovstadvarden, ikkje langt frå skulen. Der er Tusenårsplassen for Øvrebygda. Elevane syntest det var kjekt på tur og hadde mangt å fortelje. Julian var spesielt oppteken av eit lam som sat fast i gjerdet. Det enda bra, for via mobiltelefon til rektor fekk han varsla bonden. Elisabet forklarte gøymeleiken Bom for femti. Elles såg dei fleire måkar som låg på reir, og då måtte elevane flytte seg. Det enda med at leiken gjekk ut på å lage reir av gras og kvistar. Einkvan nemnde også noko om eit daudt, lite lam som låg i beitet. Sonja Waage og Cathrine Emilie Koløen var gode medhjelparar  på turen i dag. 

 Me fekk vite at desse to klassene har hatt fast turdag kvar fredag, og det fall i god smak hos alle, høyrest det ut til. Området rundt skulen gir høve til turgåing i fleire retningar.