Osternes Mannskor heidra Karl Gloppen sitt minne ved å tileigna framføringa av «Panis Angelicus» til han under julekonserten i Fitjar kyrkje i går kveld.

Dette prega òg koret. Sjeldan har me høyrt mannskoret syngja med større innleving og intensitet enn i går. Også «Julesalme frå fjellheimen»  og «Go tell it on the mountain» var ein fryd å høyre på». Den siste i ei spennande, spenstig utgåve.

Det vart i det heile ein fin, variert julekonsert, med ei god blanding av kor- og solistinnslag. Av solistane vil me denne gongen  spesielt trekkje fram Erika W. Reigstad i Fitjar barnegospel. Denne jenta har ei heilt spesiell flott utvikla stemme for å vera så ung, og me gler oss til å følgja ho vidare, musikalsk sett.

Vakker var òg «I`m your angel» med Audun Arthur Mehammer og Johanne Fangel Brekke, og Ragnhild Prestbø og Anne Lunde kom godt i frå sine soloar på ulike blåseinstrument. Judith E. Hageberg og Inger Louise Sandvik leverte ein kort, men fin fløyteduett, og Fitjar Musikklag runda av ein flott konsert på ein mektig måte med Christmas Song. Her må me berømma dirigent Per Olav Paulsen som har skrive arrangementet. Ei utruleg spennande musikalsk ramme rundt ein av våre vakraste julesongar.

Endå fleire kunne vore nemt. Bra gjekk det med alle, og som han sa det ein i benkeraden: -No kjenner eg julestemninga koma krypande..