Kari Nøstbakken hjelper ekteparte Ytrenes med datamaskinen. Foto: Ingrid Hovstad

Eit tilbod for seniorar som ynskjer å verta betre med digitale hjelpemiddel.

Fitjar frivilligsentral og Fitjar folkebibliotek har gått saman om å tilby digitalhjelp for seniorar. Opplegget er ei prøveordning, men ein håper på å få fortsetja med tilbodet.

– Det handlar jo litt om nokon vel å nytta seg av tilbodet.

Kari Nøstbakken har teke på seg jobben som den frivillige «digihjelparen». Ho sit på biblioteket kvar tysdag frå kl. 16 til 18 i heile september.

Gunvor og Askel Ytrenes var dei som etterlyste digitalhjelp til seniorar. Dei skreiv blant anna brev til Fitjar kommune der dei fortalde at det var behov for digitalhjelp til dei eldre i bygda.

Dørstokkmila stoppar nok nokon

Førre veke var Gunvor Ytrenes einaste som tok turen til biblioteket og nytta seg av hjelpa til Kari Nøstbakken.

– Det var jo fint for meg som fekk Kari heilt for meg sjølv, men det er veldig synd om ikkje folk nyttar seg av tilbodet. Om ingen nyttar det forsvinn det jo, fortel ho.

I dag har ho med seg mannen sin Askel Ytrenes, og dei fekk hjelp til både minsky og Fabel – ei abonnementsteneste for lydbøker.

- Annonse -

– Får me hjelp med minsky er me i skyene, spøkar Askel Ytrenes.

– Det er veldig kjekt at me kan få hjelp her. Me får håpa fleire vågar seg ut for å få hjelp. Dørstokkmila er nok lang for nokre. Folk vegrar seg kanskje etter å spørja etter hjelp, men me kan lova dei at Kari Nøstbakken er veldig flink, og dei må ikkje kvi seg med å ta turen, fortel Gunvor Ytrenes.

Nettbrettkurs

Fitjar frivilligsentral og Fitjar folkebibliotek får ogso besøk av Seniornett Norge som skal halda nettbrettkrus. Dette vil skje på biblioteket på fredag frå kl. 10 til 14. Fristen for påmelding var eigentleg i dag, men med berre fire påmeldte til no, vert fristen forlenga til torsdag.

Påmelding til Ellinor Bergesen på tlf. 971 43 785 (dagtid)

– Her må folk melda seg på, oppfordrar kursarrangørane.

– Me er to av dei påmeldte, fortel ekteparet Ytrenes, som gler seg til kurs.