Dersom dei som har teke fartsdemparane legg dei tilbake i vegkanten der dei har teke dei, skal me montera dei opp att og gløyme heile saka, seier leiar Jens Atteraas i Statens vegvesen som leiar vegutbygginga.

Han forklarer vidare at sjølv om det kunne sjå slik ut i politiloggen, har ikkje vegvesenet anmeldt saka enno. -Det vil me heller ikkje gjere før om ei veke. Så om tjuvane har stole demparane i «nattens mulm og mørke» kan dei trygt levere dei tilbake, sjølv i dagslys. Det vil ikkje skje dei noko. Men er dei ikkje kome på plass om ei veke vil saka bli anmeldt og politietterforska, understrekar Atterås.

Grunnen til at fartsdemparane vart monterte var av omsyn til skuleborna som brukar denne vegen som skuleveg. Leiinga i Fitjar kommune bad vegvesenet om å setje opp desse demparane med omsyn til borna si sikkerheit.

Altså endå ein grunn til å levere dei tilbake.

Ta gjerne kontakt med fitjarposten når det er gjort. Me lovar å ikkje nemne namn om nokon tipsar oss i denne saka.