Deler av Håkonar Næringspark i Aarskog er i ferd med å gro igjen av busk og kratt.  No vil kommunen gje tilbod til dei som kan tenkja seg å hogga ved på dei kommunale tomtane som er tilgrodde.   

Me tenkjer i første omgang at dette tilbodet skal gå til dei som vil hogga ved til eige bruk.  Det vert ikkje kravd betaling for veden. Les meir på Fitjar Kommune sine heimesider.