Blant Fitjar-racerane på trening i Vikedal i går, var Jonas Koløen Lønning med den nye løpsbilen sin.

Fem racerar frå Fitjar Racing Team var i Vikedal og trena i går. Ingve André og Anders Halleråker Strand var der i crosscartane sine, junioren Jonas Heggøy og senioren Håvard Helland var der i løpsbilane sine. Alle desse har kome godt i gang med sesongen.

Gisle Aarbø var berre med som mekanikar denne gongen. Han har starta sesongen svært godt, og kvalifiserte seg til landsfinalen i bilcross junior i første forsøk, i Bergen 14. april. Den hardaste rivalen hans, Jonas Koløen Lønning, har ikkje kome i gang enno, men no nærmar det seg. Han har kjøpt ny Volvo løpsbil i vår, og har brukt dei siste vekene på å setja den i stand. I går fekk han endeleg kjøra trening med den på bane.

Han fortel til Fitjarposten at bilen fungerte fint under treningskjøringa, bortsett frå at motoren fuska litt. Dette reknar han med skal vera enkelt å finna ut av. Då står det berre att å lakkera bilen, før den er løpsklar. Og det skal den vera til første helga i juni. Då går neste runde i vestlandsmeisterskapen av stabelen i Vikedal. Denne VM-runden gjeld som kvalifisering for landsfinalen i bilcross, og er såleis eit svært viktig løp for raceren Jonas i ny bil.


steroidi anabolizzanti