Fitjarposten var med og vinka av garde tre håpefulle ovbygdarar som reiste til Vikedal på pokaljakt i ettermiddag.

Dei tre håpefulle er Jonas Koløen Lønning, Gisle Aarbø og Håvard Helland. Sistnemnde sesongdebuterer i morgon i første runde i vestlandsmeisterskapen i rallycross. Han kjører bilen til bror sin, Nils Arve, ein Volvo 940 med 300 hk under panseret. Den kjem nok opp i rundt 130 km/t i dei raskaste partia på banen i Vikedal. Men svingane hindrar bilen i å nå toppfart, så kva den er, veit ikkje Håvard. Elles set underlaget og grenser for farten på banen, her er både asfalt og grus på ein slik bane; minst 40 % skal vera grus, fortel veteran og far, Ole Vidar Helland.

I morgon er det berre klubbløp, i NMK Vikedal, for Jonas Lønning og Gisle Aarbø. Men søndag er det runde i vestlandsmeisterskapen i bilcross. Då er det berre å håpa at bilane heng godt i svingane, og bringar dei til finale. Etter det me forstår på nestor Ole Vidar Helland, er finaleplass målet for alle det tre lokale heltane våre. For då er det pokal å henta.

Fitjarposten følgjer med og bringar resultata vidare så fort me kan.

Nærmare opplysningar finn du på www.nmk-vikedal.net.