I dagens Tinestafett på Stord stadion gjekk klasse 9B ved Rimbareid skole heilt til topps i sin klasse. Dei fekk òg beste tid i konkurransen.

Også 8.klassingane gjorde ein solid innsats og tok andre og tredje plassen i sin konkurranse, og 7. klasse var ikkje mykje dårlegare dei heller. Det må òg nemnast at klasse 8b låg svært bra an til å gå sigrande ut av konkurransen mellom 8. klassingane, men klabb og babb i den eine svingen gjorde at ein av Rimbareid sine deltakarar falt, mista pinnen, og måtte løpe tilbake etter han. Likevel løp laget inn til 3. plass samanlagt.

No er det ikkje første gongen fitjarelevar går til topps i Tinestafett-samanheng. Men det er mange år sidan sist. Det var i ei tid då fitjarungdom forsynte seg grovt av premiebordet i ymse friidrettstemne. Kanskje er  ei ny friidrettsæra på gang i Fitjar?