Laurdag kveld drog representantar frå Stranda Vel til fjells for å førebu opninga av varden på Litlasåto.

Fitjarposten møtte dei på Tindaslottet, der dei førebudde seg på å overnatta før prosesjonen sørover mot Litlasåto søndag føremiddag. På Tindane finn me den vestlegaste vekststaden i Noreg for den vakre fjellblomsten reinrose. Og den blømer enno, så er vel verdt å ta turen opp for å nyta synet.

Fitjarposten nytta høvet til å ta seg ein tur på Grønafjellssåto, det nest høgaste fjellet i Fitjar. Her rår heiloen med sine karakteristiske «piiip!». Frå toppen går det òg an å sjå at det har kome ein ny varde på Litlasåto i det fjerne, men ein må nok vera ørn for å sjå kor fin han er.