Ingve André Strand gjekk heilt til topps i den siste NM-runden i crosskart i Sør-Trøndelag laurdag ettermiddag.

Med dagens siger var Ingve svært nær ved å gå heilt til topps i NM samanlagt, men han måtte nøya seg med andreplassen, eitt poeng (!!) bak NM-vinnaren Simen Vardeberg.

Etter ein dårleg start i første innleiande omgang, og tredjeplass, kjørte Ingve svært overbevisande resten av dagen. To klare heatsigrar og siger i A-finalen var ein svært imponerande innsats.

Me gratulerer Ingve med ei strålande avslutning på sesongen.