Åttandeklassingen, Eirik Larsen, gjekk heilt til topps i Den Norske Turistforeining sin konkurranse i samband med «Opptur 2010» der 25 000 åttandeklassingar gjekk til fjells 5. mai.

Eirik likar å fotografera og tenkte kjapt at han ville vera med på konkurransen då han fikk vita om han. Han tok difor med seg ein sportsdrikk-flaske som det gjekk an å spruta med og fylte ho med vatn. Dermed hadde han det han trong for å gjennomføra fotoideen sin.

Då dei varme og sveitte kom opp på toppen av Steingjelsheddo på Stord, hadde klassevenninna, Ingvild Moldestad Oma, ingenting imot å bli spruta på med kaldt vatn i fjeset medan Eirik eit godt komponert bilete. Sprutinga tok Karine Christensen i parallellklassen seg av.

-Då det synte seg at eg vann, var det berre Jippi!!, smiler Eirik Larsen, og Ingvild syntest det var gøy å få vera med på vinnarbiletet.