Damekoret Corona – med fleire klåre Fitjar-røyster – gjekk heilt til topps i den landsdekkande korfestivalen i Bergen i dag.

Fitjarposten har nettopp fått melding om at Corona vann dameklassen, i konkurranse med tre andre kor. Festivalen Syng for oss har gått av stabelen i Grieghallen i går og i dag med deltaking frå 25 kor i ulike klassar.

Fitjarposten vil koma attende med ei fyldigare dekning seinare.