Fitjar Karate Senter debuterte i NM med brask og bram og gullmedaljar både til Jedrek Rutkowski og Terje Hillestad.

Optimismen til Fitjar-trenar Sukhwinder Koløen og utøvarane hans viste seg ikkje å vera ugrunna. Dei kom heim med metall i alle fargar etter ei flott helg i Bergen.

Av resultatlistene frå NM i karate i Haukelandshallen laurdag 29. mars ser me at Terje Hillestad vann seniorklassen i kumite menn føre bror sin, Geir Håkon Hillestad, med Bjarte Maraas på tredjeplass. Og Geir Håkon Hillestad fekk bronse i klassen kata menn 19-70 år. Rebecca Koløen vann bronse i kumite yngre jenter 13-15 år.

Men best av alle fitjarbuane var nok Jedrek Rutkowski. Han gjekk heilt til topps i kata yngre gutar 13-15 år. I tillegg fekk han sølvmedalje i kumite individuelt og i lagkumite. Den siste medaljen vann han saman med Vegard Vik. Her skulle også Morten Korsvik ha vore med på laget, men han knekte foten dagen før NM. Altså svært så dårleg timing!

I morgon, tysdag 1. april, blir det høgtideleg markering av noregsmeistrane og dei andre som har delteke i NM. Ordførar Wenche Tislevoll kjem og et kake med dei glade karateutøvarane på Øvrebygda skule kl. 1930.