Sju unge og sterke menn frå Fitjar Idrettslag har vore på Stord i dag og vunne ei stor unnandørsturnering i fotball.

Innandørsturneringa til Stord Fotball på Vikahaugane mønstra det meste av det beste blant fotballspelarar i Sunnhordland, og Fitjar-gutane har grunn til å vera stolte over innsatsen.

Dagen begynte litt tungt med at to av gutane forsov seg til kampen kl. 08.50. Men FIL-laget sleit seg til siger 3-2 mot Jonas Tungeland, Svein Albert Riise og ein del sterke menn frå Bømlo. På vegen mot finalespel blei det først 2-1 over eit lag med ølensbuar, før dei banka to lag med Stord-juniorar.

I semifinalen møtte dei Leif Erik’s (Laukhammer) Star Team, med Christian Brink, John Almås og Roger Almås på laget. Her blei det heile 5-0, så ein må vel kunna seia at Roger valde feil i dag!

Finalen blei tyngre, mot brørne Erlend og Simen Grov i spissen for laget «Team Muppet». Det stod 0-0 etter full tid, og vinnaren måtte kårast på straffe. Muppetane brente to av sine skot, medan Helge og Kjell André scora på sine forsøk. Dermed kunne Fitjar-gutane jubla for siger i den prestisjefylte turneringa.

Ingressbilete: Vinnarlaget FIL bestod av desse staute Fitjar-gutane: F.v. Kjell André Thorland, Øyvind Fykse Lie, Torbjørn Korsvik, Helge Træet, Mats Brakedal, Emil Fitjar, Jan Åge Tislevoll. Foto: Harald Kristiansen, Stord IL.