Tre mann frå Fitjar Racing Team reiser til Skien for konkurrera i crosscart i pinsehelga.

Dei tre er Håvard Helland, Ingve André Strand og sonen Anders Halleråker Strand. Størst ambisjonar nar nok Ingve André, som nyleg var i Sverige og blei nummer 2 den svenske meisterskapen. Denne helga er det ny NM-runde i Skien, og målet hans er å bli betre enn sist. Den førre NM-runden gjekk ved Gjøvik, og Ingve blei nr. 5. 

Ingve fortel at han var godt nøgd med 2.-plassen i Sverige, men han har slite med utstyret i år. Han har ikkje fått god nok effekt; det gjeld å få best mogeleg feste – å få kreftene ned i asfalten. Tidlegare i år har det blitt for mykje spinning, men etter å ha justert – og finjustert – støtdemparane meiner han at han har funne ut av det. Det gjeld naturlegvis å få best mogeleg akselerasjon, og då er det om å gjera å ha godt feste ut av svingane. Maksfarten på det vesle kjøretøyet på 650 ccm er 150 – 160 km/t i eit vanleg løp. Men det kjem an på banen, og banen til NMK Grenland i Skien har Ingve aldri prøvd før, for den er heilt ny.

Dei to andre Fitjar-deltakarane har ikkje like store ambisjonar som Ingve. Også Håvard Helland kjører i klassen 650 ccm, men han vil bli fornøgd om han når A-finalen, og blir blant dei ni beste. Son til Anders kjører i 125 ccm-klassen, som er ein rekrutteringsklasse. Han er mest med for å læra. Men han håper å få møta brørne Henning og Petter Solberg. Dei er ofte med på slike løp med sønene sine på 14 og 9 år, og det er sjølvsagt ein ekstra attraksjon, spesielt for den yngre garde. 

NM-runde går av stabelen på laurdagen, og fitjarposten.no håper å kunna bringa resultata allereie laurdag ettermiddag. Søndag er det sprintcup på same banen, før deltakarane og støtteapparatet på rundt 10 fitjarbuar vender nasen heimover.