Til helga er det NM i karate i Haukelandshallen, og for første gong blir Fitjar Karate Senter representert.

Det er ein slagkraftig tropp trenar Sukhwinder Koløen sender av garde til Bergen laurdag morgon. For å vera kvalifisert må du ha minimum brunt belte, som er hakket under svart belte, og vera over 13 år, fortel trenaren.

Fitjarposten var innom gymsalen på Øvrebygda skule torsdag kveld for å sjå trenaren og dei ivrige utøvarane finpussa formen før det store karatestemnet i Bergen. – I kveld skal me jobba spesielt med ting som den enkelte lurer på, seier trenaren.

Og det er verkeleg snakk om eit stort stemne. Heile 645 deltakarar frå 137 forskjellige klubbar rundt omkring i Noreg har meldt seg på. Av desse er åtte deltakar frå Fitjar. I seniorklassen stiller Bjarte Maraas, Terje Hillestad og Geir Håkon Hillestad. I tillegg stiller desse ungdommane: Christina R. Koløen, Rebecca R. Koløen, Vegard Vik, Morten Korsvik og Jedrek Rutkowski.

Trenar Sukhwinder Koløen er naturleg nok ekstra spent fordi det er første gongen Fitjar er representert i NM i karate. Alle dei tre karateforbunda i Noreg er med, og arrangørar i Haukelandshallen er Norges Kampsportforbund og Bjørgvin Karateklubb. Deltakarane er delte opp etter aldersklassar og belteklassar, fortel Sukhwinder.

Alle Fitjar-utøvarane stiller i øvingane kata (mønster) og kumite individuelt. I tillegg stiller gutane Vegard Vik, Jedrek Rutkowski og Morten Korsvik opp i lagkata og lagkumite.

Så vidt me forstår, har både trenaren og utøvarane visse forventningar til NM-debuten. Trenaren legg ikkje skjul på at han ønskjer dei skal koma heim med medaljar rundt halsen. – Men eg er fornøgd dersom alle har gjort sitt beste i forhold til dagsform, seier han.

Og det skal ikkje stå på førebuingane. – Dei har trent knallhardt mot NM sidan desember, fortel Sukhwinder. Dei har hatt tre faste treningar i veka, og reist vekk på fleire treningshelgar i det siste. – I tillegg har eg oppmoda til eigentrening, seier den forventningsfulle trenaren.

Skal me dømma etter temperaturen på kveldens trening, er utøvarane godt budde før møtet med dei beste i Noreg. Berre ei av utøvarane måtte ta det med ro på denne siste treninga. Unge Christina Koløen har nemleg knekt ei tå, så ho var ikkje med og trente.

– Men på laurdag skal eg vera med, seier ho, for eg har eit krigarhjarta!