39 konfirmantar vart konfirmert i Fitjar kyrkje i føremiddag, og kyrkja var fullsatt av slekt og vener under begge konfirmasjonsgudstenestene denne fine maidagen.

Etter å ha fått på seg finstasen og dei kvite kappene starta konfirmantane og sokneprest Olav Johannes Oma og kyrkjelydsprest Nokbukazu Imazu med ei bøn for dagen på kyrkjebakken, før dei gjekk inn i kyrkja i prosesjon.

Det var to konfirmasjonsgudstenester, ei klokka 10 og ei klokka 12 med henholdsvis 16 og 23 konfirmantar på kvar. Kyrkja vart nesten fullsatt under den første gudstenesta og fylt til meir enn randa under den andre, dvs 420 stykker.

Gudstenestene vart leia av soknepresten medan Nobu stod for preika. Han talte over teksten i Matteusevangeliet kapitell 6 der Jesus snakkar med læresveinane om å be og lærer dei Fader vår. Nobu fortalde mellom anna om faren hans som vart døypt like før han døde, men som ikkje rakk å læra Fader vår.

Mot slutten av gudstensta vart kvar einskild konfirmant invitert fram til alterringen for å bli bedt for, og det vart tent lys for kvar av dei i lysgloben etter bøna.

Prestane takkar konfirmantane for ei fin konfirmasjonstid og ynskjer dei til lukke med dagen. Olav Johannes Oma seier i ettermiddag at han synes dei hadde to flotte konfirmasjonsgudstenester, og at konfirmantane både var fine og flinke.

Etter endt gudsteneste fortsatte festen i ulike heimar og festlokal, og for alt me veit held dei kanskje på endå…