Fitjar kyrkje. Foto: Kjetil Rydland.

Fitjar kyrkje tilbyr fleire nettgudstenester i påska, og i tillegg vil kyrkjerommet vera ope eit par timar på dei store høgtidsdagane.

Som kjent legg pandemien ein kraftig dempar på dei kyrkjelege aktivitetane, men Fitjar kyrkje prøver å gjera det beste ut av situasjonen.

Kyrkjerommet vil vera ope skjærtorsdag, langfredag og påskedag kl. 16.00-18.00. Det vil vera mogleg å vera i kyrkja for ti personar samtidig i ca. eit kvarter. Vakter vil opplysa om smittevernreglar for at tiltaket kan gjennomførast på ei god måte.

Som kjent er det ikkje mogleg å samlast i kyrkja slik det er vanleg i påska, men det vil bli skipa fleire nettgudtenester. Fitjar kyrkja har planlagt desse gudstenestene framover: Palmesøndag, skjærtorsdag, langfredag og første påskedag. Alle gudstenestene er klokka 11.00.

Dersom du ikkje rakk å koma deg «til kyrkje», kan du gå inn på YouTube-kanalen til Fitjar kyrkje. Her kan du òg høyra gudsteestene frå dei to siste søndagane, og årets påskegudsteneste for skulane, som skulle ha vore i Fitjar kyrkje onsdag 1. april.

Tomme kyrkjebenker under gudstenesta i Fitjar kyrkje søndag 22. mars. Foto: Kjetil Rydland.