Tre fitjardamer drar laurdag til Ranikhet i India  for å støtte og gjere seg kjende med arbeidet til Hill Craft, eit prosjekt som skaffar fattige kvinner både arbeid og verdigheit.

Dei tre er Sigrunn Gerhardsen, Inger Marie Gilje og Grete Sætre. Sistnemnde kom i kontakt med prosjektet gjennom ei venninne, og når dei no drar til India, har dei med seg Magny Tekse som reiseleiar. Ho har vore der fleire gonger før. I tillegg til dei tre vennene frå Fitjar skal 21 andre vere med på turen som varer i 14 dagar. Turen betaler dei sjølv.

– Me tek fly frå Sola til Amsterdam. Derifrå til New Dehli og så tog vidare, seier dei, og fortel at alle alle deltakarane har med seg ei pakke til to kvinner kvar. I pakka er det strømpebukse, handkrem, såpe og labbar. Meint som ei oppmuntring.

I starten var det fire kvinner med på prosjektet, og dei starta med å lage kort som dei selde. Ei av dei hadde meir talent for å lage smykke, og slik vart det òg ein del av det dei jobba med. Slik fekk dei både verdigheit og arbeid.

No er gruppa utvida til 40 kvinner som skaffar seg og familien sin underhald på denne måten.

Damene frå Fitjar sel både kort og smykke for kvinnene i Ranikhet. Både det og anna vil dei profilere sterkare når dei kjem tilbake.  – Me veit så mykje meir når me på denne måten har gjort oss kjende med arbeidet, smiler dei.

I tillegg til kvinnene i Ranikhet skal dei fitjardamene vitja to barneheimar som Ungdom i Oppdrag driv i nærleiken av New Dehli. Difor har dei òg med seg barnekle og leikar i kofferten. 

Les meir her.