I dag har Ingve André Strand teke sonen Anders og crosskartane med til Flå i Hallingdal for å kjempa om siger i NM-runden i morgon.

Ingve fortel at han har visse forventningar om å gjera det betre enn i dei første to NM-rundane. No er crosskarten hans justert etter alle kunstens reglar, ved hjelp av nye vekter, som Fitjar Racing Team fekk direkte frå USA i førre veke. Desse vektene er finansiert gjennom tilskot fra Fitjar Kraftlag sine midlar til frivillige lag og organisasjonar i Fitjar.

Håvard Helland fekk testa dei ut før Todagarsløpet i Vikedal sist helg. Og for eit par dagar sidan var tida komen til å justera crosscarten til Ingve André. Dei kom eit godt stykke med veginga onsdag ettermiddag, då Fitjarposten var til stades, og vonleg er vektfordlinga på crosskarten perfekt når den står på startstreken på Roppemoen Motorsportsenter i Flå i Hallingdal laurdag føremiddag.

Sigurd André Maaraas seier det er ein nyttig og spennande reiskap racingteamet har fått no. Men det er ei krevjande – og spennande – utfordring å få brukt reiskapen på ein effektiv måte.

På heimesida til NMK Nedre Hallingdal kan me klikka oss vidare til deltakarlista i morgondagens NM-runde, med svenske Lukas Walfridson og fleire andre sterke namn på plass.