Måndag skal Runar Søreide Skogedal vera med på TV2 sitt morgonprogram.

 

Etter at Runar Søreide Skogedal sin listeplass for SV vekte nasjonal interesse, er det mange som har vore interessert i å få ein bit av han. Og no hentar altså TV2 han til Oslo, saman med far og ordførarkandidat Geir Tore Søreide.

 

Familien har fått litt bakoversveis av interessa rundt det å ha Runar på ei politisk liste, trass i at dei gjekk nokre rundar før først.

 

– Det var litt overraskande. Me visste ikkje at det var så uvanleg, erkjenner Geir Tore. Det skal vera første gong ein med Downs syndrom står på val i Norge.

 

– Eg har jobba lenge med inkludering og tenkjer ikkje slik, eg ser heller dei utviklingshemma som ein ressurs ein kan gjera seg nytte av, seier Geir Tore. Han ser på dette som ei god sak for partiet, nasjonalt, at ein utviklingshemma står på ei valliste, og viser inkludering i praksis.

 

 

– Det er nok nokon som tenkjer «Er dette naudsynt?», men det var det vel somme som tenkte om kvinnene òg då dei byrja å koma med i politikken, avsluttar Geir Tore.

 

Ingressbilete: Skjermdump frå NRK