Mellom mange som var til fjells i dag, møtte fitjarposten.no òg på desse tre flotte jentene på kvar sin hest. F.v. Erika Reigstad frå Fitjar, Amalie Gjengedal frå Stavanger og Hilde Harboe frå Austevoll. Foto: Håkon C. Hartvedt
-Nydeleg, seier dei både om den solfylte dagen og om fjellet generelt.
—
Det er elles noko med jenter og hest, og me undrar oss på kva det er.
-Hest er best, smiler jentene.
-Ja, men kvifor er det mest jenter som er oppteken av dette flotte dyret, både av det å ha hest, stelle hest – og av å lese om hest?
-Ja, sei det. I grunnen er det litt rart, kjem det frå Hilde, berre tenk på cowboyane!