Sist søndag gjekk me til fjells med rundt 60 smalabeist, og ingen av dei er komne heim att enno.

Derfor seier saueeigar Harald Rydland seg godt nøgd med fjellturen over Klovskarfjellet i det fine veret på søndag. Saman med broren, Arve Rydland, eig han knapt halvparten av denne smalaflokken på rundt 60 dyr. Resten av sauene som var med tilhøyrer naboen Karen Elisabet Rydland Sæbø. Med til fjells var både saueeigarane og andre interesserte familiemedlemmer.

I så måte føydde søndagens tur seg fint inn i rekkja av smaladrifter frå mange tiår tilbake. For oss som voks opp i Fitjar for 50 år sidan, var det å gå til fjells med smalen eit høgdepunkt kvar føresommar, på linje med 17. mai og jonsok. Harald fortel at han plar jaga dyra sine opp til Klovskarvatnet, akkurat slik me gjorde på 1960-talet. Men dei har hatt ein lei tendens til å koma heim att lenge før tida. Derfor hadde han lyst til å jaga dei over Inste Klovskar denne gongen, for å sjå om dei ville ha lettare for «å stå i fjellet» då.

Søndagens smaladrift gjekk akkurat same vegen som for 50 år sidan. Først opp Sæterbøvegen og inn i granskogen og over Eggjane og Årbøelva (les Rydlandselva på kartet, journ. merkn.), forbi Purketjødno opp Småliane og til Klovskarvatnet. Der oppe var det vanleg å la dyra ta seg ut, og i dei «gode gamle dagar» trekte dyra vanlegvis vidare over Klovskar og gjerne heilt inn på Grønafjedlet. Denne gongen sleppte me ikkje dyra frå oss der, me jaga dei motstrebande beista med hard hand over Ytste og Inste Klovskar, og heilt ned mot Klovskarsheiane.

Det siste me såg til dei var at dei trekte fint innover fjellet i godveret, medan dei tok for seg av fjellets delikatessar. Harald Rydland fortel i kveld at dyra ikkje er komne heim att, og han har god von om at dei vil stå i fjellet utover sommaren.