Kystvaktskipet "Tor" har for tida aksjon i Fitjar for å sjekke opp ulovleg bygging i strandsona, ulovleg bruk av bygningar, kloakkforhold med meir. -Om berre halvparten av det me har sett i dag er ulovlege bygg, står me overfor ei svært ulovleg sak, sa politiadvokat Hallvard Gardshol til BT etter synfaringa i går. Aksjonen fortset i dag.

Ombord i kystvaktskipet i går var representantar frå Fitjar kommune, Fylkesmannen, politiet og Kystvakten.

-Nokre av dei ulovlege forholda me har sett, vil me med stor sikkerheit melde. No får me òg hjelp av Fylkesmannen og politiet til å dokumentere dette, seier Torgeir Steien, som fortel til BT at kommunen, til vanleg, ikkje har tid til å sjekke slike saker skikkeleg, på grunn av dårleg bemanning.

-Me druknar i saker, og får knapt unna dei lovlege bygga, understrekar han.

Kva meiner du bør gjerast med bygg som er ulovleg oppført i strandsona? Del dine synspunkt i kommentarfeltet under!