Mange har vore plaga av overvatn som har grave sund vegar og hagar i det siste. I Fitjar kommune jobbar ein for tida intenst for å få gjort noko med problemet.

Særleg er det Vestbøstad og Fitjarstølane som har vorte plaga av overfløyminga. Og i sistnemnde feltet har det gått skikkeleg hardt ut over vegen, og til dels hagen, til Gunnvald Aarbø. Eigedomen hans ligg slik til at han får overvatn frå fleire kantar.

– Her held med for tida på med å drenere på nytt. Mellom anna har me sett ned ein ny kum. Me prøver på denne måten å få leia vatnet dit det skal, seier Gisle Vik i Fitjar kommune og legg til at om ikkje dette hjelper, må det eit betydeleg større arbeid til. 

Gunnvald Aarbø gler seg over det. – Det skulle jo vore gjort for lenge sidan. Naboen fekk vatn i kjellaren for ei tid tilbake. Men det er sjølvsagt positivt at det skjer noko. Det er berre å vona at det som vert gjort no vil vera godt nok når regnet sett inn igjen, seier Aarbø som òg vonar at kommunen vil asfaltere opp den delen av vegen som vart øydelagt av vatnet.

Halde på i tre år
Gisle Vik fortel til fitjarposten.no at kommunen starta eit arbeid for tre år sidan med grøfterens og utsetjing av nye dreneringskummar etter behov.

– Så langt har me gjort dette på Vikeleitet, Reino, Sæterbø og Koløyvegen. Så det er i grunnen noko me er i gang med heile tida. Ny vegetasjon og reasfaltering som hindrar det opprinneleg løpet for vatnet til kummane, er det som hovedsakeleg er årsak til problema. Difor vil me fortsetja med å drive med grøfterens og med å sjå på kva me kan gjere for å leie vatnet til kummane på den einskilde plassen, seier han.

I første omgang vil dette skje i Fitjarstølane. Så står Vestbøstad for tur.

Men folk må gjerne ta kontakt om dei veit om andre plassar med overvatnproblem, eller om dei ser at ein kum er i ferd med å gå tett. Me er berre takksam for det, let Vik.

– Men skikkeleg ekstremvêr, slik me opplevde det då regnet øydela nyevegen på Mehammer for ei tid tilbake, kan me ikkje gardere oss heilt mot, seier han til slutt.