Bjørg Strømme er ein av deltakarane på Kunsthåndverksmarkedet i Bergen 16. – 18. juni, på Festplassen i Bergen sentrum.

Garva og farga fiskeskinn av laks, steinbit og torsk, i kombinasjon med nappaskinn av kalv, geit og islandsk reinsdyr, har Bjørg designa og sydd til til spennande vesker til forskjellig bruk.

Arrangør for marknaden er Norske ”kunsthåndverkere” i Vest-Norge. Om du har lyst til å vitja utstillinga, er opningstidene som følgjer:

Torsdag  16. juni  kl.11.00 – 19.00

Fredag    17. juni  kl.10.00 – 17.00

Laurdag    18. juni  kl.10.00 -16.00

Sjå òg  www.bergenkunst.net