Jon Fredrik Hartvedt reknar i dag med å koma fram til Andøya i si ferd på sykkel sørover frå Nordkapp til Lindesnes.

– Då har eg kome meg over Senja, tok utsida av øya, noko som kosta meg mykje krefter. Traseen var ikkje akkurat flat. Men no er eg på veg ut til Andøya, skreiv Jon Fredrik i ein sms til fitjarposten tidlegare i dag.

Bileta er frå overgangen mellom Finnmark og Troms. Foto: Jon Fredrik Hartvedt