Tore Sigurd Fitjar i full gang med å laga rundballar. Foto: Kjetil Rydland.

I desse dagar jobbar bøndene på spreng med å slå bakkane sine for tredje gong i år, og tredjeslåtten gir god avling.

Månadsskiftet august/september er etter det me kan skjøna, rekordtidleg for tredjeslåtten. Tore Sigurd Fitjar lar ballepressa går for fullt i dag, og han stadfestar at dette er tidleg.

– Men det gjeld å nytta det gode slåttevêret, seier han, og avlinga ser ut til å vera bra.

På myrane i Ovbygdo går slåmaskinen for fullt. Foto: Kjetil Rydland.

Måndag morgon pressa han rundballar på bakkane nedanfor Fitjarstølane, og etterpå skal han opp og hjelpa storfebøndene i Øvrebygda. Alle bakkane til Gaute Aarbø ligg nyslegne, og før me veit ordet av det, har nok Tore Sigurd Fitjar laga rundballar der òg.

På Årbø og Rydland riggar dei seg til for å leggja noko av tredjeslåtten i silo også. Slåmaskinen surrar rundt for harde livet. Storfebøndene stadfestar at dette er tidleg, iallfall når me samanliknar med i fjor. Ved nærmare ettertanke viser det seg at det er ei dårleg samanlikning. I fjor var det nesten uråd å koma utpå dei våte bakkane, og det blei ingen tredjeslått. På dei blaute myrane blei det knapt nok første- og andreslått …

Andre stader i bygda ligg nyslegne bakkar nett no og ventar på ballepressa, og i dette godvêret ligg alt til rette for å få fôr av topp kvalitet.

Og her ligg grasballane og ventar på å bli pakka inn i plast. Foto: Kjetil Rydland.

 

 

- Annonse -