For første gong starta hjortejakta på Fitjar allereie 1. september, og fram til den vert avslutta til jul skal godt over 150 dyr fellast.

Direktoratet for naturforvalting har utvida jaktsesongen på hjort med ein og ein halv månad. Tidlegare starta jakta først 10. september. I år var det lov å starta hjortejakta allereie frå midnatt natt til 1. september. I går natt var det klårver og fullmåne og såleis mogleg å gå på måneskinsjakt, men me kjenner så langt ikkje til at det vart felt dyr denne første natta i årets jaktsesong. Ein skal likevel ikkje sjå vekk frå at det har skjedde i eit av dei tretten hjortevalda me har i kommunen vår, sjølv om ikkje Fitjarposten kjenner til det. Uansett er det mange jaktdøger att. Tidlegare fekk hjorten fred allereie i midten av november sidan jakta vart avslutta 15. november. I år kan ein gå på hjortejakt heilt fram til jul, dvs til og med 23. desember. 

Utvidinga av jaktsesongen er meint som eit verkemiddel for å regulera hjortebestanden og er den største endringa i den nye forskrifta om jakt- og fangsttider. 
-Me utvidar jakttida for å unngå at den skal bli ein begrensande faktor i arbeidet med å få kontroll på utviklinga av hjortestamma, noko som er viktig for å hindra skade på hage, jord og skog, redusera talet på påkøyrslar og sikra tilstrekkelig beitegrunnlag, seier Roar Skuterud i Direktoratet for naturforvalting. 

Det er verd å merka seg at det ikkje er fritt fram for kven som helst å gå i skogen å skyta seg ein hjort. Forvaltinga vert styrt av kommune, fellingsløyver vert tildelt godkjende hjortevald og jegarar må ha både jegerprøve og storviltprøve (skyteprøve) i orden.